lørdag 10. april 2010
Uferdige historier
Eg likar ikkje å gje opp ei bok før eg har lese ho ut. Det kjennast som om det er noke eg ikkje har gjort skikkelig. Og litt dårlig gjort mot forfattaren, som sikkert har lagt inn ei stor innsats med å pønske ut og skrive ho. Men når boka ikkje har gjeve meg lyst til å halde fram etter 70 sider, då hengjer ho i ein tunn tråd. Så eg beklagar, Olaug Nilssen, men "Få meg på, for faen" vert nok sette pent tilbake i bokhylla. Forfattaren har rett nok ofte eit godt språk (nynorsk), og det var vel óg eit par gonger eg måtte fnise litt. Sjølv om sex sel, så makta ikkje Nilssen å selje seg inn hos meg. Interesserte kan lese ei omtale av boka i Dagbladet ("Skikkelig kåt") då ho kom i 2005 (OBS! Ordspel).
Merkelapper
Litteratur
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentar(er):
Legg inn en kommentar